DEN NORSKE KYRKJA
Balestrand sokn
  Søk
3. september 2010 ..:: Hovudsida ::..   Logg inn

Sæle kyrkje, Balestrand våren 2009. Foto: J.Risa

Vår visjon: "Å dele den gode skatten"
(jf. 2.Tim 1,14)

Balestrand sokn har same grenser som Balestrand kommune. Balestrand sokneråd er einaste sokneråd i kommunen og har dermed både soknerådsfunksjon (ansvar for det kristelege livet i soknet) og fellesrådsfunksjon (ansvar for tilsette, kyrkjebygg og kyrkjegardar). Balestrand sokneråd er valt av medlemene i Balestrand kyrkjelyd.

Alværa misjonssenter, LavikBalestrand sokneråd inviterer i 2010 alle i kyrkjelyden til å vere med på helgetur til Alværa Misjonssenter. Vi ynskjer også denne gongen å samle alle aldersgrupper og det vil verte eige opplegg for borna under ein del av samlingane.

Alværa Misjonssenter ligg i Lavik. På denne flotte leirstaden vil vi få ei helg med høve til avkopling frå kvardagslivet og til å bli betre kjende med kvarandre. Laurdagen vil det verte tilbod om tur til kvernsteinsparken i Hyllestad, men elles kan ein gå tur i nærområdet eller nytte tilboda på leirstaden.   Les mer...

Kyrkjelydsbladet for Balestrand, nr 2-2010 (Sommar)Her kan du lese / laste ned sommarnummeret av Kyrkjelydsbladet for Balestrand(nr.2-2010). (Fila er ca. 1 MB). Bladet vert opna i Adobe Reader. I bladet finn du andakt av Louise Nilsson, biletstoff frå kyrkjelyden, info om spanande konsert på Kvamsøy i august, stoff om minikonfirmantane og konfirmantane, Eivind Kråvik som er vigsla til presteteneste osb.   Les mer...

Kyrkjelydsbladet for Balestrand nr.1-2010Her kan du lese / laste ned påskenummeret av Kyrkjelydsbladet for Balestrand(nr.1-2010). (Fila er ca. 3 MB). Bladet vert opna i Adobe Reader. I bladet finn du mellom anna intervju med Olav og Inger Sjøthun,  konfirmantstoff, historiske tilbakeblikk, rapport frå Jarle Waldemar si vellukka vitjing og utlysing av stilling som kyrkjelydspedagog.   Les mer...

Årsrapport 2009

Årsrapporten for 2009 kan du lese her. Rapporten vart vedteken av Balestrand sokneråd 10.03.2010 og vart lagt fram for soknemøtet i Balestrand sokn 14.03.2010. Du kan lese om mindreforbruk, lynvernanlegg, trusopplæring, vedlikehald, diakoni, tilsette, uløna medarbeidarar, saker som har vore oppe i soknerådet mm.    Les mer...

Side 1 av 3Først   Forrige   [1]  2  3  Neste   Sist   

 GUDSTENESTER

       
Høgmesse Tjugum kyrkje 05.09.10 11:00
Konfirmantpresentasjon Tjugum kyrkje 12.09.10 17:00
Familiegudsteneste Sæle kyrkje 26.09.10 11:00
Familiegudsteneste Tjugum kyrkje 03.10.10 16:00
Høgmesse Sæle kyrkje 17.10.10 16:00
Høgmesse Tjugum kyrkje 31.10.10 11:00
Høgmesse Sæle kyrkje 07.11.10 11:00
Høgmesse Tjugum kyrkje 14.11.10 11:00
Høgmesse Sæle kyrkje 28.11.10 11:00
Ljosmesse Tjugum kyrkje 05.12.10 18:00
    

 Gudstenester detaljar

 


    

 KONTAKT OSS

Balestrand sokneråd
Sjøtunsvegen 6
6899 BALESTRAND
Telefon: 57 69 15 48
Faks: 57 69 15 99
Prest: 57 69 16 80

E-post:

Heimeside: www.balestrand.kyrkja.no

  

 AKTUELLE LEKKJER

Balestrand kommune. Perla ved Sognefjorden!

www.kyrkja.no - Kyrkja sine nettsider sentralt

Bøker og musikk for å gje borna del i den kristne kulturarven - rett i postkassen!

IKO - Kirkelig pedagogisk senter

Balestrand kommune. Perla ved Sognefjorden!

    

Copyright 2008 by Balestrand sokn